Det er mange som ynskjer å nå oss og det kan ta litt tid å kome gjennom på telefon. Om du vil gjere det enkelt og spare tid kan du nytte vårt SMS køfrisystem. Då skriv du HERØY navnet ditt fødselsdatoen din og grad av hast og sender melding til 2097. Ei slik melding kan sjå slik ut: HERØY Ola Hansen 0405190 ynskjer time gjerne i neste veke. Du kan sende meldinga kva tid som helst på døgnet og du vil få tilbakemelding når timen er bestilt.
Vår sms-teneste er kun tiltenkt time- og reseptbestillingar. Ikkje oppgi personlege helseopplysningar her.
Frå 1. juli er det endringar i testing for koronasertifikat. Treng du test til koronasertifikat, må du ta dette hos privat aktør og betale sjølv.
Kommuna har framleis ansvar for å skrive ut koronasertifikat til dei som ikkje er digitale. Dersom du treng hjelp til utskrift av ditt koronasertifikat, ta kontakt med teststasjonen på tlf. 94 81 36 41.
Ring oss eller send HERØY navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ynskje om endring av time til 2097. Dette må skje innan 24 timar før konsultasjonen skal finne stad, ellers blir timen belasta.
Du kan bestille fornying av reseptar ved å sende melding med type og dose, eller du kan ringe oss. For nye reseptar må du ha time.
Til dette føremål kan videokonsultasjonar/internett-time vere eit godt alternativ. Sjå om din fastlege tilbyr dette.
Du kan få vaksiner med oss, men du treng då resept først. Ta kontakt med fastlegen din.
Send til 2097:
HERØY fødselsdato, ditt navn, grad av hast
(Unngå sensitiv informasjon)
F.eks: HERØY 030562 Kari Normann Trenger time for konsultasjon
Normalt to meldinger - bekreftelse og timeavtale.
NB: Tjenesten kan ikke benyttes om man har reservert seg mot kortnummer